1. september 2025

Med NordUng i grunnmuren

Intervju med Elisabeth Kristoffersen og Ole Kristian Skavhaug ved Cissi Klein videregående skole.

Av Guro Skårdal Nygård.   Lærarar i arbeid i Kantinoteket (kombinert bibliotek og kantine) som er hjartet i skulen. Her samlast alle, og alle må passere gjennom. Øvst: Marit Bredesen Smaavik, Marte Nesvik Tøndel. Nedst: Elisabeth Kristoffersen, Nina Dolen, Helle Frischknecht, Ole Kristian Skavhaug

Av Guro Skårdal Nygård. Lærarar i arbeid i Kantinoteket (kombinert bibliotek og kantine) som er hjartet i skulen. Her samlast alle, og alle må passere gjennom.
Øvst: Marit Bredesen Smaavik, Marte Nesvik Tøndel. Nedst: Elisabeth Kristoffersen, Nina Dolen, Helle Frischknecht, Ole Kristian Skavhaug

I Trondheim har eit nytt, flott skulebygg reist seg. Hausten 2025 står det klar til å ta imot 800 elevar ved Cissi Klein videregående skole. Men skulens hjarte byrja å banke allereie hausten 2022, i andre lokale, og skulen har vore ein NordUng-skule frå hausten 2024.

Ein splitter ny skulekultur skal etablerast, og dette har gjeve eit unikt utgangspunkt for NordUng-prosjektet ved denne skulen. For å få vite meir om dette inviterte eg NordUng-lærar Ole Kristian Skavhaug og avdelingsleiar Elisabeth Kristoffersen til ein samtale om deira erfaringar med å utforske og utvikle det nordiske perspektivet.

Nye metodar

Ifølge den pedagogiske profilen til skulen skal opplæringa vere kjenneteikna av skaparglede, engasjement og utforskartrong. Dette inneber for lærarane utprøving av nye metodar. Vi vektlegg tverrfaglegheit, nye undervisningsmetodar og samarbeid med eksterne. Dette har vore viktig i rekrutteringa av lærarar til skulen. Det skal ikkje vere noko som berre står på papiret, men noko vi brukar i det arbeidet vi gjer”, seier Elisabeth.

Ho løftar fram at ei organiseringa av timeplanen i fagøkter på to gonger nitti minutt med same fag, gjer det er lettare å få prøvd ut nye ting.

“Strukturen med fagøkter gjev lærarane eit handlingsrom til å drive utforskande læring, tenkje djupnelæring og nytte seg av miljøet i byen. Dei strukturelle grepa har gjort at ein må tenkje annleis om korleis ein driv undervisninga vår; det har tvunge fram nye måtar å tenkje på og fremja samarbeid.”

Lokal minnekultur i nordisk perspektiv

NordUng-prosjektet passa ypparleg med intensjonen om samarbeid med eksterne aktørar.

“Det er jo som at snekkaren bankar på og spør om det er noko han skal fikse i huset ditt, du må jo berre seie ja,” ler Elisabeth.

NordUng har inspirert til samarbeid om tematiske og tverrfaglege opplegg med lokal forankring og nordisk horisont. Ole Kristian trekkjer fyrst fram opplegget om minnekultur – altså korleis vi som samfunn hugsar og formidlar fortida – utarbeida av kollega Nina Dolen i samarbeid med utviklingskonsulent Kjersti Rognes Solbu.

“Der er eit tverrfagleg prosjekt i norsk og historie som passar godt til skulen vår fordi vi er oppkalla etter Cissi Klein, ei jødisk jente som døde i Auschwitz. I leksjonane har vi sett på minnekultur i Noreg, men også opna blikket og sett ut til både Sverige og Danmark.”

Opplegget «Minnekultur» ligg som ei temapakke på Norden i Skolen, og der ser vi tydeleg den lokale forankringa i Trondheim gjennom bilete av både snublesteinen og statuen til minne om Cissi Pera Klein. Den svenske grafiske dokumentarromanen Ihågkom oss till liv av Joanna Rubin Dranger har opna for utforsking av ei mogeleg felles forståing av historia vår i dei nordiske landa.

Ein vandrande dansk roman kulminerte i forfattarbesøk

I vinter fekk nær hundre elevar ved Cissi Klein høyre på forfattarsamtale med Thomas Korsgaard ved Litteraturhuset i Trondheim. Dagleg leiar ved Litteraturhuset, Aja Chantelou Bugge, er sjølv frå Danmark og har eit uttalt ynskje om å invitere fleire nordiske forfattarar til byen. Slik går det nordiske perspektivet ved litteraturhuset hand i hand med profilen dei held på å etablere ved Cissi Klein.

Før forfattarsamtalen hadde mange av elevane lese Korsgaard-romanen Mente I det – på dansk. Boka vart kjøpt inn til den såkalla NordUng-klassa, men vandra deretter frå klasse til klasse.

“Vi hadde aldri kome på å kjøpe eit klassesett av den boka hadde det ikkje vore for dette prosjektet, meiner Elisabeth, og dette er eit godt eksempel på at eit slikt prosjekt får grobotn i det øvrige som skjer ved skulen.”

Læraren gjorde ikkje noko stort nummer ut av at boka var på dansk, i staden sprang gode diskusjonar om språk naturleg fram medan elevane las, fortel Ole Kristian:

“Dansk har vore litt fjernt for elevane, men no opplevde dei det mykje nærare, og det var aldri noko snakk om at det var vanskeleg å lese dansk, det var berre gode opplevingar rundt det, ei oppleving av: «Å, ja, er det så lett!».”

Thomas Korsgaard i samtale med Marie Aubert 16. januar 2025.09.08 Foto: Kristian Lillenes/Litteraturhuset i Trondheim.

Thomas Korsgaard i samtale med Marie Aubert 16. januar 2025.09.08. Foto: Kristian Lillenes/Litteraturhuset i Trondheim.

NordUng rullar vidare med fysiske ungdomstreff

Oppstartskonferansen i København i 2023 la grunnlaget for mykje spanande nordisk samarbeid. Elevar ved Cissi Klein har møtt elevar ved Frederikssund Gymnasium digitalt til samtale om slang, og ei klasse har utveksla sine litterære analyser med elevar på Karolinska Gymnasiet. Desse samarbeida skal til hausten vidareutviklast i form av elevmobilitet finansiert av Nordplus. Femten elevar frå kvart land skal møtast. Ole Kristian utdjupar:

“Det er tre aktivitetsveker, ein i kvart land, med tema berekraft og unge sine løysingar for berekraft. Og så skal kvar veke ha sitt fokus: Det startar i Danmark med forbruk, så går det vidare til Sverige og tema berekraftig bymiljø, og så ender vi i Noreg i mars neste år der vi skal ha om livet i havet, eit berekraftig hav.”

Parallelt med dette køyrer lærarane eit lesson-study-utviklingsarbeid – ein metode der lærarane samarbeider om å førebu, observere og reflektere over undervisninga – med utgangspunkt i oppstartsøkta i kvar av dei tre vekene. Slik rullar NordUng-prosjektet vidare på Cissi Klein.

Ei suksessoppskrift

Det er tydeleg at ei suksessoppskrift for NordUng-arbeid er å ha lærarar som «er langt framme i skoa», som Elisabeth seier, dyktige lærarar som er aktive i fagmiljøet og i kontakt med universitets- og høgskulesektoren i tillegg til andre samfunnsaktørar. Skulen er dessutan prega av høg grad av samarbeidskultur, og lengre økter med same fag inspirerer til didaktisk utprøving og gjer ekskursjonar ut av bygget lettare å få til. Utviklingskonsulenten har bidrege med eit blikk utanfrå og fasilitert veldig godt, seier Ole Kristian: “NordUng-prosjektet har vore ein sentral del av det å byggje fagmiljø, og det har vore ein fin ting å samlast om”, avrundar han.

Det er all grunn til å tru at skulens hjarte vil halde fram med å slå litt ekstra for det nordiske.

Cissi Kleins opplegg på Norden i Skolen - så langt

Emner